torsdag, desember 28, 2006

Nynorsk og tull

Eg vil snakke meir med deg, for når eg snakkar med deg så blir eg så sentimental, av ein eller annan grunn.
I alle fall om det er seint på kvelden. Alt anna blir så uviktig, på ein måte.
Eg vil ha lange midtsumarskveldar med levande lys og refleksjonen av Trondheim i fjorden.
Eg vil ha god grillmat og samtaler som går til langt på kveld.
Eg vil ha båtturar og midnattsbad.
Eg vil ha skyfri himmel med masse stjerner på.
Eg vil ha fullmåne og 22 plussgrader.
Eg vil ha gras mellom føtene og eit par problemfrie dagar.
Eg vil ha roleg musikk på stereoannlegget og solnedgang som speiler seg i fjorden.

Eg vil ha nokon å dele alt dette med, men ikkje nødvendigvis deg.

Nei, du veit nok ikkje kven du er.

Ingen kommentarer: