Skulen nærmer seg slutten, og eg kjenner eg blir dummare og dummare for kvar dag som går. No er det likegyldig for meg kva årstal den fyrste radiosendinga fann stad i Noreg, no er det sol, kamerater og kalde drikker (og is) som betyr noko. Apropos det er og snart badesesongen i gang, og eg satser på ein heil del bading i år, då eg i fjor var litt sparsommeleg med badinga.
Vidare kan eg fortelle at eg og ein kamerat har små planar om å gjennomføre hærens forberedelsesprogram for hærens jegerkommando som eg gjerne vil prøve meg på når den tid kjem, då eg trur det hadde vore spennande.
Det er ikkje lenge igjen før me er flytta inn på Sandnes, noko eg ser veldig fram til. Huset er finare, staden er finare og rommet mitt blir større (og finare).
Noko anna som har hendt si sist? Tja, eg kan nemne at eg er no ansatt ved Elkjøp Forus, der eg sel kvitevarer, ein til tider krevande jobb (kjem omtrent utelukkande an på kundane), noko som gjer han litt spennande. Skal bli greit å ha ei stødig inntekt igjen!
Det var det for denne gong! Ein siste ting: eg har klypt meg.
http://i155.photobucket.com/albums/s284/gunnarhaarr/Bilde24.jpg
http://i155.photobucket.com/albums/s284/gunnarhaarr/Bilde23.jpg
2 kommentarer:
Håper du har en fin sommer, Gunnar. Er så lenge mellom vær gang vi prater sammen nå ;O
Jepps, Jeg leser bloggen din Gunnar:)
Ikke glem at 1 millioner valgtullinger skal se på deg 20 august, 22 august etc ;)
Legg inn en kommentar