onsdag, juli 01, 2009

Still alive

Ah, stemmer. Eg har ein blogg.

I det siste har eg hatt det kjempefint. Var ei veke i Oslo og gjorde ingenting, som eigentleg var veldig koseleg (var såklart på Ai- og Soracon, men det veit vel alle som les her?)

I Oslo traff eg fleire kjente, stifta nokre nye bekjentskap og svetta bort. Vart og litt kjend med leiligheita eg skal bu i til hausten. Det var særs fint å treffe Thomas, Janne og Eirik, samt bli kjend med Kristoffer (og litt Kristina. Men berre litt.) Traff og Patrick, men han var ikkje noko glad for å sjå meg :3
Blei og litt meir kjend med Marius, Marte og David, som eg skal bu med i 409.

No er eg heime att, og dei siste dagane har vore kjempefine. På mandag var eg og Ingvild i Stavanger og hadde det kjempekoseleg (<3)
Me vandra litt rundt omkring i byen og konverserte, satt på Hall Toll og drakk øl og vin, vandra litt meir, åt fabulous is frå "Sjokoladepiken" og satt og såg på ein luftbalong på torget som ikkje flydde. Det var me litt skuffa over, men det var framleis ein fin kveld.

På tirsdag var me å bada. Amund, Ingvild, Rakel og meg til å byrje med, Sophia kom "litt" seinare. Rakel hadde med vin og pasta, og det heile var særs sofistikert.

I dag reiste eg og Rakel til Stavanger i 2-tida, der me vandra litt rundt og fekk ordna litt diverse. Me var innom fotobutikk og ornda batteri og film til far min sitt 1979 Nikon-kamera (som fungerar, HURRA!), me var innom Fretex og handla litt effekter til Steampunkcrew på Desucon (mellom anna fekk eg meg ein fantastisk vest som eg, når eg kom heim, oppdaga gjekk SÆRDELES fint til den nye hatten min), me traff morfar og mor til Rakel utanfor Sølvberget og åt og drakk litt, der me omsider vart akkompaniert av Oda og Ingvild. Etterpå traff me og Jan på Outland, og etter det reiste eg, Ingvild, Rakel og Jan å bada igjen. Sophia og Årolilja kom litt seinare, men badetemperaturane var go. . . forfriskande og maten (ostegrill- og grillpølse på engangsgrill) var god.

Hoioioi.

1 kommentar:

Janne sa...

Var koselig å se deg og. <3

Så bra du har det fint hjemme i Norge også! Her har vi det også kjempebra. :3