Så, first things first:
eg har fått meg kjærast, og er nøgd med det (eg fekk nett det eg ynskja meg av ho til bursdagen min :D )
Ja, det var vel eigentleg det som var nødvendigt å seie etter to månadar utan oppdatering.
Det er vel i og for seg fleire ting som kunne vore relevante, men det er så lenge sida dei tinga skjedde at dei fleste nok har fått høyre om det uansett.
På jobb går ting fint, byrjar å gå mot jul, så det blir nok fleire kundar i butikken om litt, vonlegvis. Byrjar å få roen på dei fleste rutinene og slikt, og treng ikkje lenger spørje om så mange ting, det er greit.
I 409 går ting som vanleg, Marius og Marte er greie folk å bu med, David merkar eg ikkje så mykje til. Om ikkje lenge (kanskje i morgon) får eg meg nok seng og, omsider. Og til helga skal eg heim til Stavanger for å reise på hyttetur med nokre vener og Ingvild, det gler eg meg til!
Det er alt eg orkar skrive om i kveld, kanskje det ikkje går så lenge til neste oppdatering, no er det jo ein spennande periode framovar, desember og greier (dersom eg ikkje får pakkekalendar av mor mi i posten blir eg skuffa.)
PEACE OUT!
5 kommentarer:
Pakkekalenderpost? BORTSKJEMT, GUNNAR.
Gunnar har alltid vært bortskjemt. :D
<3
Enig med Patrick. Jeg har hatt pakkekalender ETT år, og den ble bare mislykka.
Pakkekalender er en av veldig få frynsegoder ved min mor. Jeg får ikke 2-3000 kroner for å komme hjem en tur heller, og ikke ny datamaskin til bursdagen min. Så STFU, foreldrenne våre har bare forskjellige overbevisninger.
Klart, litt bortskjemt er man jo.
Jeg hadde ikke blitt skuffa om jeg IKKE fikk pc i bursdagsgave. >:(
Legg inn en kommentar