No har eg hatt fri nokre dagar, som har vore fint, om ein ser vekk frå at eg har vore litt sjuk, men pytt. I dag traff eg Alejandro og Sandra for å snakke litt om utviklinga til sikkerhetscrew kring -con. Eg er spend på kva som skjer frå no, utan å gå i detalj. Då me var ferdige med det møtet, fylde eg Alejandro eit stykke på vegen heim og snakka litt om laust og fast, før eg gjekk for å treffe Amund att før han fér til Japan. Satt på McDonalds på Østbanehallen og prata litt før me gjekk bort på Operataket og såg på Oslo. Det var eigentleg ganske fint å berre vimse rundt å prate litt for ein gongs skuld, og eg er glad eg traff Amund ein gong før opphaldet han i Japan.
Utanom dette er det ikkje så mykje å fortelje. Om de ikkje allereie veit det, kjem eg til å arbeide ein periode framover mens eg tenkar på kva eg vil gjere med tanke på utdanning og arbeid vidare i livet. Eg er eigentleg ganske klar for å få meg ein grei jobb, for eg er litt lei av å utdanne meg. Eg er nok ikkje noko akademikar, men me får sjå. Eg trivs med å ha råd til ting.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar