I det siste har eg hatt det særs bra, og i dag fekk eg gjort ein del ting, noko som var ganske deilig. Ikkje så mykje sånn sett, men har fått ordna nokre sakar, så eg er litt glad for det. Eg fekk kjøpt meg to nye bukser, eg hadde ein prøve (one down, X to go) og eg var innom record world og kjøpte "Good Morning Vietnam"-soundtracket på LP, "Blue Valentine" av Tom Waits og "Please Please Me" av The Beatles. No er eg heime og har fyrt opp i ovnen i gangen, og eg skal snart støvsuge på romet mitt, deretter må eg gjere lekser i nyare historie, og etterpå trur eg eg skal på trening, ettersom eg har vore slapp på det i det siste.
Elles er eg glad eg har fått delvis kontroll på skulen for tida, har endelig litt tid til å arbeide med han. Gler meg og valdsamt til Desu-con 2. Om eg er heldig, får eg "stilling" som vakt på treffet. Hadde vore morosamt.
EDIT:
Kan føye til at eg er særs nøgd med livet mitt no. På fredag skal eg på opningskro for russen 08, på laurdag skal eg på kino med Charlotte og på onsdag skal eg (sannsynlegvis) på Sandnes Bluesklubb med nokre kameratar for å ta nokre øl å høyre på musikk. Dette for å feire 18-årsdagen min ^_^
Fekk og tatt nokre bra bilete i kveld.
Typisk om eg blir påkøyrd i morgon tidleg eller noko slikt (vær så snill, ikkje vits med dette før de veit eg er i live.)
Det var alt for nå.
Gunnar
2 kommentarer:
Hyggelig. Svært enig i overskriften, btw. Tåpelige halvimporterte tullehøytider... :toda:
Haha, men jeg sier heller Halloween, enn julesalg i oktober... :toda:^2
Fint å høre at det går bra med deg. Snart blitt "voksen" også, gitt. n_n
Legg inn en kommentar