Det er litt rart korleis eg ofte føler meg mest einsam etter eg har vore med folk og av og til mens eg er med mange folk. Føler meg ofte litt tiltakslaus og paff, i alle fall har eg vore nokså asosial i desember, og nett no kjenner eg meg litt einsam. Nok ein gong har eg eit lite behov for ein god klem, og eg skulle mest ynskje at eg rett og slett kunne ha grint litt. Fått ut litt frustrasjon og denslags. Veit ikkje kvifor, men er litt lei av forskjellige ting, deriblant skulen. Skulen i seg sjølv er ikkje verst, men eg får liksom ikkje god kontakt med nokon der. Virkar som om eg bruker opp mykje av den sosiale kapasiteten min på jobb, omtrent. Stå der og være snill og grei heile tida, det blir mest litt overfladisk til tider.
Eg gjentar: gler meg til å, før eller siden, ha ein dag eller to der eg er heilt fri frå både folk og plikter, for det kunne eg trenge no. Trur eg skal reise til hytta eller noko slikt ei helg eg ikkje er på arbeid, være der heilt åleine, kanskje ta nokre bilete og gå litt tur, faktisk. Det freister i alle fall no.
Men Shaun the Sheep er jo jævlig kult då!
4 kommentarer:
(Ikke før Thomas? Vedde? >D)
Skjønner hvordan du føler deg egentlig, og håper du får en sånn avslapningsdag snart. Trøst deg i alle fall med at det bare er et halvt år igjen med skolen (din snik :toda:).
Håper ikke du føler deg for utenfor og asosial i morgen, da! ;D
Må nevne at du også kan komme til meg for å være veldig asosial fra alt noen dager. Thomas har ny seng. :nya:
Patria. :toda:
Patrick: du på din side kan trøste deg med at du, når du er ferdig på skolen, ikke har gått lenger enn meg! :D
Awsome kveld btw, glad jeg gjorde det jeg gjorde på nyttårsaften!
cosmos: gleder meg til påsken jeg!!!
Det er bedre å gråte ut en gang, enn stadig å sukke.
Legg inn en kommentar