måndag, januar 14, 2008

Mandag

I dag hadde eg ein dårleg start med sterk vind og ingen frukost, og generelt ein lite lovande start på dagen, men ferdigsmurt sandwich kan gjere underverker. Ikkje heilt motivert for å halde fram med arbeidet på skulen i like stor grad som sist veke, er lei av å forhalde meg til personar eg ikkje kjenner.

Ellers hadde eg ei fin helg, såg opningsfyrverkeriet i Stavanger (som for dykk uvitane individ er europas kulturhovudstad 2008) som var storslått, og etter det var eg, Ken Patrick og Veena Marie på kino og såg National Treasure: Book of Secrets. Bra film, men Indiana Jones er framleis kongen av eventyrfilmar.

Sundag tilbrakte eg hjå Patrick, der me såg dei fyrste fem episodane av Excel Saga og deretter Ghost in the Shell (samt litt av ein dårleg film mellom dei to).
Eg hadde gløymt kor godt eg likte Ghost in the Shell, og det passa fint at me såg han i går. Eg har sett alt for lite seriøse filmar i det siste. Eg røyster for å sjå Ghost in the Shell 2 på neste animeaften, kanskje og Jon-Roh. Seriøse animefilmar er utruleg avslappande for min del, nett det eg treng no.
(Patrick: konge kjellerstove, animeaften sjå deg er utruleg WIN!)

Ellers ikkje så mykje å seie. Er endeleg litt avslappa, og eg lar meg ikkje stresse så mykje lenger. Litt deilig å kunne konsentrere seg litt om skulearbeid.

3 kommentarer:

CosmoS sa...

*Før Patrick* :3

Fint å høre at du ikke føler deg stresset nå. Ikke la en dårlig dag med vind og mangel på frokost stoppe deg fra å være positiv. =)

Gunnar Størseth Haarr sa...

Nei, tvert imot! I dag er eg ganske glad, faktisk! Har fått utretta litt i dag, og eg gler meg til ein debatt seinare i dag, så eg lir ingen nød! :D

*før patrick*

Patrick sa...

FAEN! D:

Så hyggelig å høre at aftenen var vellykket! ^^ Kan nok arrangeres flere ganger hos meg. Likte ikke Ghost in the Shell så godt selv, men den var i alle fall bedre enn Kai Doh Maru. XD

"EKSPLOSIV ACTION ZOMG!!!"