I dag var eg på Vigrestad igjen for fyrste gong på ei stund, og eg ville berre kome meg vekk fortast mogleg igjen, særleg når eg var på togstasjonen. Veggane i skuret er fylde med slibrige kommentarar og stygge skriblerier som seg hør og bør for fjortenåringar. Eg klarer ikkje forstå kva som er morosamt med å skrive hatfulle kommentarar på ein vegg, og det har eg aldri forstått. Men så er eg ikkje ein person som hater heller.
Forøvrig er det slik eg ser ut med briller.
Elles var eg litt deprimert tidlegare i dag. Hadde ein stor klump i brystet, men er usikker på kvifor. Følde meg litt nyttelaus, kanskje. Kanskje var det litt fordi eg innser enkelte sider med meg sjølv som eg ikkje er så nøgd med?
Har ikkje peiling.
Har det i alle fall betre no, enn så lenge.
2 kommentarer:
Gunnar + briller = hawt. =F
Og lol, vigrest. :cip:
Briller... :3
Kan være så mangt som gjør en deprimert. Om det er ting med deg selv du ikke er fornøyd med, så tror jeg at du hadde visst hva det var.
Legg inn en kommentar