Så.
Kva skal eg fortelje som er av interesse i dag? Eg er allereie sliten etter to dagar med skule og arbeid, og eg har framleis 3 dagar igjen denne veka. Onsdag, fredag og laurdag. Eg merkar med meg sjølv at det blir mykje, særleg si eg ikkje har tid til å setje meg ned, ta eit pust i bakken og tenke over ting, for i det siste har det vore litt forskjellige ting som tek mykje energi å tenke på.
Mellom anna korleis eg har ein tendens til å konsentrere meg om "feil" ting. Kanskje problemet mitt er at eg tenker for mykje?
Ellers var det ein bra vinterferie. Sandnes bluesklubb med Erlend og Lars, spill/filmnatt hjå Joakim og besøk frå Trondheim. Merka det på humøret, for frå barndommen er eg vand med å vere med kameratar kvar dag utanom skulen.
Elles er eg spend på kva som skjer etter me er ferdige på vidaregåande. Kven eg kjem til å halde kontakten med, korleis det går med studier og livet generelt. Kjenner at eg både gruar og gler meg samstundes. Blir litt som ein ny start, bare at eg står i større grad på eigne bein. Eg trur eg kunne trenge ein ny start på ting no. Eller, ikkje heilt. Ting er framleis ikkje slik eg vil dei skal vere for tia, og eg har ikkje så lyst til å reise frå ting slik dei er no, men det er vel "del av å bli vaksen" eller noko slikt piss. Får sjå korleis ting er om nokre månadar.
Også er eg forelska, og det sug litt.
EDIT:
Og der trur eg det gjekk over. No er eg bare sur, trist og lei.
5 kommentarer:
Jeg smiler litt når jeg leser det du skriver. Det er som å gå 7 år tilbake i tid. Alt vi gikk og tenkte på, grugledet oss til. Det vi var redde for å miste, men samtidig gledet oss til å oppleve og oppdage. Det er litt som du skriver, det å bli voksen, det har to sider. Alt jeg kan si er at du må glede deg til fortsettelsen, det er så utrolig mye bra som ligger forann deg!
-Bergenskusinen-
Heldigvis for deg, så er jeg mer eller mindre i samme båt som deg fra høsten av, så la oss stå på egne bein sammen! :D
*kosemose* :3
^^
Lykke til med å stå på egne ben og bli voksen! Jeg tror egentlig alle har godt av å gjøre det, selv om det kan virke skummelt.
Og husk at jeg aldri er langt borte hvis du har lyst til å ta en cola på ruten og snakke, eventuelt invitere meg på kino. ;D
Frøken Bergen:
Du har nok rett i det, eg har (forhåpentlegvis) mange gode år framfor meg, og som me blir fortalt om og om igjen er ungdomstida er vanskelig tid (sjølv om eg personleg ikkje er så forvirra som eg får inntrykk av at eg burde vere.)
Cosmos:
Me får vere der for kvarandre. Eg gler meg mykje til samarbeidet! Dette trur eg er det mest spanande eg har gjort på eit tiår, minst.
Patrick:
Det trur eg du har rett i! Forøvrig vil eg påstå at eg er relativt sjølvstendig slik stoga er no og. Men men.
Me burde nok bli flinkare til å ta kontakt med kvarandre! ^_^
Fint å se at jeg ikke er den eneste som er livredd for å bli voksen. Kanskje du ikke akkurat sa at du var livredd, men det er jeg. Så..:p
Legg inn en kommentar