måndag, mars 24, 2008

Nysnø

I det siste har det vore ein god periode. Eg har vore i Elverum og Oslo i påsken, og det var ein lenge etterlengta ferie vel verdt tida mi :3 I Elverum var eg hjå Thomas med Janne, Patrick, Martin, Eirik og Helene (samt veslebror til Thomas som var med oss litt), og i Oslo var eg, Thomas og Patrick hjå Janne. Eit særs koseleg opphald. Tirsdagen var det og treff for dei av oss som er medlemmar på japani.no, noko som og var veldig triveleg. Nattogturen heim frå Oslo med Patrick var og relativt koseleg, då me satt i kafeen heile turen og snakka om laust og fast. Når eg kom heim til systrene mine (mor og far har vore vekkreiste heile påska) var det igjen tid for å slappe av, og dei siste dagane har eg spelt gjennom Half-Life 2, HL2 episode 1 og episode 2. Fantastiske spel for dei av dykk som er interessert i slikt.

I dag (vel, i går faktisk) var eg hjå Eirik (i klassen min) og såg ein del av American Gangster. Alt i alt ei fin påske, og eg har det for tida veldig bra for ei gongs skuld. Eg har vore glad si eg reiste til Elverum, og det er ei stund sida eg har hatt det så bra over ein lengre periode, noko eg syns er litt avslappande. Eller kanskje er det omvendt?

Det blir litt spanande å sjå korleis det blir å byrje med skule og arbeid igjen, då eg har hatt mykje fri i påsken; sett mykje film og spelt mykje.

Vel, eg har faktisk ikkje så mykje meir å seie. Takk for no.

4 kommentarer:

Patrick sa...

First.

:)

Anonym sa...

Takk for eit morosamt og koseleg oppheld!

Frå nå av skal eg berre svare bloggpostane dine med 100% korrekt nynorsk! >:3

- Martin-guten din

Janne sa...

Påske var fint. Jeg vil ha en påske til. Nå.

Fint å høre at du har det bra! n_n/

CosmoS sa...

n_n

Det var riktig trivelig å se deg igjen. Gjøre det en gang til i en ikke så alt for fjern fremtid? (Og jeg skal fortsatt til det fjerne vesten i sommer en gang. :nya:)

Gode spill, gode spill. :3