I det siste har det ikkje skjedd så valdsamt mykje av betydning. Er ferdig med russetida no, og det var litt rart å tre inn i ei normal bukse igjen. For min del har ikkje russetida vore så valdsamt ekstrem. Moderate mengder alkohol og ein noko begrensa økonomi har hatt ein dempande effekt. 16. mai var kanskje noko av det beste med russetida, medan 17. mai var ein betre dag.
Byrja med russetoget på Bryne, deretter reiste eg til Sandnes og traff Patrick, Joakim, Rakel & kompani, såg på russetoget i Sandnes, deretter reiste eg med Patrick, Rakel, Amund, Ingvild og Sofia til Vaulen og grilla (der me etter litt blei akkompagnert av Christoffer, Årolilja og Ida), for så å forflytte oss til ein leikeplass og klatre og ete eplekake.
Elles har eg plutseleg fått mykje sår på fingrane mine. I det siste har eg fått kutt og sår heile tida, utan at eg har noko god forklaring på kvifor det plutseleg kjem så mange av dei no. Litt rart.
I dag skal eg sende xboxen min inn på operasjon, endeleg. Greit å få han avgårde, har venta nokre veker på det. Kjenner abstinensane etter GTA IV, Call of Duty 4, Forza 2 osb.
Elles lite å melde =)
4 kommentarer:
For å sei det sånt, så va jo dette interessant :) Du så seie at du har ingenting å skriva om;P hvis du ønske lengre innlegg, så kan du jo, eks. Skriva om koffor 16 mai sje va gøy?:P heha :) Brabra!
FINGRENNE DINE GÅR I OPPLØSNING! :O
Høres ut som om du hadde det fint. :)
Igjen, sorry for at jeg var en gigantisk drittsekk på 17.. D: Kjøper deg en Cola neste gang vi møtes.
Kaken var god. Yummy. Nå fikk jeg lyst på eplekake igjen. :nya:
Camilla:
Forsåvidt, men prøve egentle å unngå handlingsreferat i bloggen, føretrekke å skriva om tanka omkring X å slikt, for min del æ dæ litt meir interessant ^_^ Men takk.
Cosmos:
Aiai, hva skal vi gjøre med det!? Nå ble jeg skikkelig nervøs :(
Patrick:
Det går heilt fint, eg veit at du eigentleg ikkje meiner det uansett (trur eg.)
Men ja, eplekaka var faktisk ganske god. Det heng litt igjen frå når eg var liten at eg ikkje liker eplekake. Uansett; AVTALE! : D
Legg inn en kommentar