Hoioi, for eit døgn det har vore (i forhold til slik kvardagane mine plar vere - red. anm.)
I går på denne tida satt eg på rutebilstasjonen på Sandnes med Patrick og konverserte. I løpet av denne hendinga kom eg til å tenke på framtid å kvar eg vil og kva det skal bli av meg og slike seriøse ting, og eg kjende eg blei litt bekymra og på ein litt rar måte ein smule deprimert. Vel heime klokka 22.10 sette eg meg til å spele GTA IV, noko eg gjorde fram til omkring 23.30 då eg får melding av Benjamin, ein klassekamerat:
"På Nicolai sitt ønske er Dem invitert til en aften i loungen i Nodland Vold Residensen (idag), her vil det bli åpen bar for de som måtte ønske seg en drink. Det vil og selvsagt bli ordnet med behagelig overnattning, med en god frokost fra det lokale bakeriet som er meget kjent i fylket. I morgen kan Man og tilby Dem en tur med Nodland Vold Residensens lysbåt som tar deg på en fin tur i skjærgården ved Egersund om dette skulle være ønskelig.
Dette er beklageligvis på kort varsel, og det er ikke den planlagte klassefesten som skal være en eller annen plass i nær fremtid."
Med dette pakka eg saman det mest nødvendige og reiste med siste tog til Vigrestad, der eg var tilstade i "Nodland Vold Residensen" klokka kvart på 1. Alkoholhaldig drikke blei deretter inntatt med stor iver, mellom anna gin & tonic, kvitvin, Jack Daniels, Baileys og litt anna ting og tang. Det blei god stemning, og då klokka var kvart over 3 var eg så heldig at ein anna klassekamerat skulle heim, så han kunne køyre meg innom Sandnes. På veg heim måtte eg innom 7-eleven for å ha meg litt nattemat, og då klokka var ca. halv 6 var eg ferdig med å lese Nemi, surfe litt og var klar til å legge meg.
Då klokka var halv 1 i dag var eg oppe igjen, og etter ein dusj og litt pynting, var eg ute igjen, då på veg til arbeid for å skrive under nokre papir. Då eg var ferdig der blei eg henta av Ole Morten (?) og Eirik som tok meg med for å sjå på Ola sin gitareksamen på Lundehaugen VGS. (Vel gjennomførd, Ola!) Etter dette var me på Kvadrat der Eirik kjypte Opeth sitt nye album; "Watershed".
Etter dette for eg ut til arbeid igjen for å treffe Jone, ettersom eg skulle filme ein handballkamp for han. Nå er det gjort, og eg kom heim for omkring ein halv time sida. Eit av dei betre døgna eg har hatt på ein stund, vil eg seie.
Og elles har eg det berre bra =)
2 kommentarer:
Hehe, mye spennende der. Jeg er stolt over å ha innledet det døgnet elns. :cip:
Det var også en av de bedre kveldene mine denne uken. :hello:
Sånne dage e ofte morsomme di og, ta litt på sparke og lev. Va mesten sånt som personalfesten min, kom heim 5, blei henta igjen klokkå 10 for å gå i kongeparken, kjørte alle karusellane mesten! =) Det va ei fantastisk helg.
Legg inn en kommentar