måndag, oktober 13, 2008

Heime att

Etter mest ei veke heime må eg seie at eg var glad for å sjå dei fleste av venane mine att samt at vintaren er på veg. Noko eg eigentleg ikkje burde vere så glad for, i og med at vintaren som regel er ei tid der eg sitt alt for mykje inne og generelt er litt deprimert heile tida, men samtidig syns eg det er deilig å kunne kle på seg masse klede, puste inn frisk luft og sjå snøen att (dersom han kjem.)

På sundag var det animeaften hjå Patrick. Det i seg sjølve var fantastisk, men filmane me såg var så-så. Fyrst såg me "Golgo 13: The Proffesional". Ein film du aldri må sjå åleine! Dersom du vil sjå han må du ha nokon å le med, for så dårleg er han.

Etter det såg me "Origin: Sprits of the Past". Litt "me synes Hayao Miyazaki er ordentlig flink, så me gjer som han gjer." Berre ikkje så bra.

No sitt eg på romet og kosar meg med litt anime før leggetid, og for fyrste gong på lenge har eg tent stearinlys. Kosar meg her eg sit, eg. Levande lys er ganske koseleg, om eg får seie. Gler meg til å sitje framfor vedomnen med eit teppe og ein kopp kakao/whisky samt kanskje eit Donald eller anna lektyre.

Så får me sjå korleis denne vintaren blir for meg. Snart Desucon 3!

5 kommentarer:

Patrick sa...

Aaah, Golgo. Den var virkelig så dårlig som du sa! :D

http://www.youtube.com/watch?v=PJxPjUo5-cI <3

Janne sa...

Hahaha, fantastisk helikopter! xD

Snart jul også, Gunnar! (Ja, jeg har begynt å glede meg alt.)

Du oppdaterer ikke MAL med hva du ser! :O

CosmoS sa...

Ja, du må bli flinkere til å oppdatere MAL. :toda:


Snart kommer du til 409 og. ;O

hannemongo sa...

Whiskey og Donald, bra kombinasjon. ;)

hannemongo sa...

Whisky* sorry