tysdag, oktober 14, 2008

Ljos

stearin

Og nett fordi eg har oljeomn og telys på rome mitt kjem eg i julestemning, allereie. Men pytt, eg får påpeike att det er kaldare og mørkare ute samtidig som eg kosar meg i varmen inne. Også trur eg eg er blitt litt betre på å ta kontakt med folk på eige initiativ, noko eg trur kan vere bra i vinter (apropos; eg endra til vinterfargar.)

Elles gler eg meg veldig til å reise til Oslo igjen, forhåpentligvis blir det ein tur til Trondheim og kanskje Bergen før januar kjem og fyrstegongstenesten må gjennomførast.
Virkeleg kjekt å ha bekjentskap rundt om i Noreg slik at ein har ei unnskulding for å reise vekk litt av og til. Julesesongen på arbeid er derimot ikkje noko eg gler meg til.

Også får eg snart nytt visa-kort. Svart og greier! Gler meg til det etter mest ein månad utan fungerande visa.

Miles Davis og kanskje ein kopp kakao. Men eg skal på arbeid i morgon, desverre.

Eg kunne gjerne og tenkt meg noko meir spennande å skrive om, men eg er ikkje så spennande nå om vinteren. Vel, avdelingsleiaren på kvitt sa eg var lat i dag. Det hadde brydd meg mindre om han sa rett ut at eg er feit, for då kunne eg overbevist meg sjølv om at han ikkje meinte noko til eller frå med det, men eg burde kanskje slutte å sitte inne og ete snop i den grad eg gjer no? Sannsynlegvis, ja. Så får me sjå.

3 kommentarer:

Janne sa...

Jul <3 Jeg gleder meg. AKKURAT nå gleder jeg meg mest til juleprogrammene på morgenen. Tre nøtter til Askepott etc. Er så koselig. n_n Var hjemme hos mamma i går og hun hadde kjøpt pepperkaker. Nom nom. :3

Du kommer til å besøke Oslo innimellom når du har perm fra militæret? Hvor lenge skal du egentlig være der? (Janne kan lite om militæret.)

Gunnar Størseth Haarr sa...

ca 12 måneder eller noe i den duren.

Man får jo se hvilke prioriteringer jeg har når jeg får perm fra militæret, men jeg tror nok du får se meg noen ganger før jeg er ferdig der =)

Janne sa...

Regnet ikke med at du skulle komme til HVER perm, men hyggelig å få sett deg litt innimellom. n_n