Eg har eigentleg ikkje så lyst til å legge meg no, eg har lyst til å få eit par gode vener hit og sitte å drikke kakao/kaffi/te/whatever og snakke sjit heile natta, men eg skal på arbeid i morgon, noko som eigentleg er greit, for eg har veldig lite å gjere om dagane. Eg bidrar litt heime med klesvask, rydding og middaglaging, men ikkje så ekstremt mykje. Har for det meste spelt Ninja Gaiden 2 og Forza Motorsport 2 i det siste. Må seie at Ninja Gaiden 2 var mindre vanskeleg enn eg hadde trudd, men det er kanskje fordi eg har spelt Ninja Gaiden eit par gonger og er vant med korleis det fungerar. Ikkje at det er lett, men eg er mest ferdig med det, og har ikkje brukt noko særleg mykje meir enn 14-15 timar på det, mot ca 30 på det originale NG.
Jaujau. Ein ting som irriterar meg for tida er at Metal Gear Solid 2: Substance ikkje fungerar på xboxen min, MGS2 er til den originale xbox og eg har xbox 360. Dritt. Også har eg lyst på ein PS3 og MGS4, men eg tek meg ikkje råd til det. Eg sparer faktisk ein del for tida! Har ikkje så mykje å bruke penger på, så eg sparer til Soracon, då eg skal vere i Oslo mest ei veke (onsdag til sundag.) Eg gler meg til det, sjå Arne og Marit (onkel og tante) igjen, treffe gode vener og ha mykje awesome, rett og slett!
Ein ting som irriterar meg litt er at til tross for at eg ikkje har noko særleg å gjere (lite arbeid, ingen skule) så er eg ikkje heilt flink nok til å treffe venane mine. Skulle veldig, veldig gjerne brukt meir tid med dei, spessielt no som eg har så god tid. Eg er ikkje sosial nok for min eigen del =/
Men elles går det veldig fint. Takk.
3 kommentarer:
Jeg kommer om ca to uker! :3
Jeg og! /o/
HåhÅH eg gler meg! \o/
Legg inn en kommentar