Helga mi har vore nokså bra. Over gjennomsnittet.
På fredag var eg med Espen å råna rundt å gjorde ingenting (forutan å vere på kino å sjå Indiana Jones and the Kingdom of the Crystal Skull), og tok feil av nattoga (det var feil på nsb.no, æresord.) Klokka 03:30 (ca) havna eg i gardsromet til besteforeldrene mine på Hårr, der eg fekk losji. Klokka 11 var det graut å få, og eg møtte i tillegg Andreas og Greta, Elisa og Elisa og Geir Palle, noko som var litt godt, då eg ikkje har sett dei på lenge. Etter å ha vore heime ein stund var det avgårde til Patrick sitt bursdagselskap, der eg traff Eirik igjen, eit behageleg gjensyn, ettersom eg mest ikkje har snakka med han sida nyttår. Gler meg til Soracon i august!
I dag har eg ikkje gjort så veldig mykje, har vore heime å sitt Juno og Tideland (i den rekkefølga.)
Juno var ein flott film. Søt og sjarmerande, og verda var litt finare etter eg var ferdig med filmen.
Tideland var veldig spesiell, både på godt og vondt. Ein rar, rar film. Skal ikkje seie for mykje, då det gjerne øydelegg filmen, men handlinga føregår for det meste på prærien i sørstats-USA.
I skrivande stund sitt eg her og høyrer på Paul Simon, det er så fin musikk atte.
2 kommentarer:
Hva sa besteforeldrene dine når du kom midt på natta? men og, ka du va nyskjerrig på ang min blogg? Eg tror me har en sånnen psykisk kontakt på en måte, siden begge to har hatt ei goe helg, og av og t har dårlige opplevelsa på sama tiå. haha x)
Vel, ikkje så møje faktisk! Di virka glae for å ha mæg på besøg, å æg va glae for å vær på besøg der.
Ja, gudane vett =)
(sett at di fins å æ allmektige osv osv)
Legg inn en kommentar