fredag, april 10, 2009

Påsketur!

På onsdag var syster mi heime og drog meg med opp på hytta der mor og far har vore den siste veka, og på torsdag bar det ut i guds frie natur for å skyte på røy og tiur, eller en elg, en bærplukker eller no sånt'no. Etter kanskje 4-5 lukkelege skifrie år skulle eg ut på ulendt føre med plankar på føtene, og eg må seie det gjekk ganske bra. Eg trur især far og mor var overraska når eg, etter fyrste pausen, føreslo at me skulle gå eit stykke innover i fjellet for å finne oss ein plass å slå oss ned. Vi fant ein fin stad der det var nokså lite vind å laga bål der me grilla pølse og marshmallow.

I dag (fredag) reiste me heim att fordi Inger skulle på fest og mor og far skulle til nokre vener.

Eg for til Patrick der me fyrst var hjå far hans og såg Detroit Metal Shitty til episode 9, etter det gjekk me til mor hans der me blei servert kjempegod mat og flott desert (Patrick kan visst ikkje forstå vitsen med å pynte mat) og såg resten av Cromartie High School (kva fanden?)

No sitt eg heime og skriv blogg og surfar. Bilete frå påsketuren er å finne på Facebook.

2 kommentarer:

Janne sa...

Cromartie og DMC <3<3<3<3

Rakel sa...

Aww, hørtes ut som en særdeles koselig påske! =D