torsdag, april 23, 2009

trøtt

I dag har eg vore på Stavanger trafikkstasjon og tatt teoriprøven på bil og stod med 3 feil, eg har vore på jobb og henta ein iPod Touch eg vann i ein konkurranse, eg har vore i Stavanger å pusha iPoden på Rakel og spelt Bang med Patrick, Sophia, Amund, Rakel og Jan og eg har vore på kinarestaurant, så i dag har eg fått gjort ganske mykje, men framleis sitt eg og høyrer på Bob Dylan og tenker at det framleis er noko eg burde ha gjort.

Og det er det vel eigentleg og, men det har inga hensikt og eg trur ikkje noko bra vil kome frå det, så eg lar vere, for eg har det i grunn ganske bra for tida. Kanskje eg flytter til Oslo til hausten og byrjar å studere. Det ser i alle fall ut til at det blir det. Har mista omkring all motivasjonen eg i utgangspunktet hadde for å ta fyrstegongstenesta, og mista samtidig mykje respekt for forsvaret i januar.

Ser og ut til at eg får arbeide lite i mai, og det er utruleg irriterande, for eg har ikkje noko anna å gjere for tida. Føler meg litt utpressa faktisk.

No sitt eg eigentleg berre å dreg ut tida fordi eg ikkje vil legge meg enno sida eg ikkje skal noko i morgon, men har samstundes heller ikkje lyst til å gjere noko. Æsj.

Men så bestemde eg meg for å sjå "Vår, Sommer, Høst, Vinter. . . Og Vår".
Ein utruleg bra film om du vil koble av, roleg og behageleg. Ein slik film kan eg sjå om att fleire gonger (og det har eg allereie gjort.)

2 kommentarer:

CosmoS sa...

Det er fryktelig kjedelig å sitte å gjøre ingenting. Jeg tror Janne har det litt sånn nå som hun ikke har jobb.

Det hadde vært fint å hatt deg i oslo også! Det må jeg si. :3

Gunnar Størseth Haarr sa...

Ja, skulle gjerne vore på besøk, men ser ut til at eg må spare litt framover, så me må mest sjå korti eg kan ta turen. Trur ikkje det blir noko før ai-/soracon faktisk...