Mor mi, far min, systar mi og meg har bestemt oss for at eg skal på slankekur. Og effekten er, for min del, utruleg (seriøst; utruleg) stor etter berre nokre dagar. Kor mykje det er snakk om blir ikkje offentleggjort før om kanskje ein månad, så får me sjå kor mykje det hjelp dei neste vekene.
Elles har eg ikkje så mykje å fortelje frå sist. Har arbeida heile veka og gjort generelt litt lite, men no gler eg meg til å få løn, sjølv om mest alt forsvinn i gjeld og rekningar.
På fredag var eg i Stavanger med Rakel, og på vegen bort traff eg ei venninne eg gjekk i klasse med på vidaregåande som skulle på konsert på Folken, som ho ikkje visste kor var, så eg og Rakel viste ho det, og då bestemde me oss for å gå på konserten me og (sjølv om me eigentleg skulle ut å nyte sola.) Bandet var avgangselevar frå Lundehaugen Vidaregåande Skule som spelde diverse cover-låter og eigenkomponerte sangar. Det var eit bra show, og VEL verdt dei 150 kronene det kosta oss. Også fekk eg vere litt gentleman i løpet av kvelden :3 (ikkje misforstå.)
Det er det eg hugsar best frå den siste veka, så ein kan vel seie at det var særskildt hyggeleg, i alle fall for min del.
Elles må eg anbefale alle som les dette å sjå "Higashi no Eden", eller "Eden of the East" om du vil. Ein særdeles lovande serie denne haustsesongen! Hurra!
EDIT:
Eg gløymde å nemne at eg har funne eit kjempebra band! Litt fordi eg trur dei fleste faste lesarar ikkje bryr seg så mykje om den type musikk, men Antsy Pants er verdt å sjekke. Dei er å finne på iTunes (grunnen til at eg viser til iTunes og ikkje Youtube er fordi det ligg berre nokre få sangar på Youtube, men på iTunes finn du heile albumet deira.)
Kjempesøt og koselig sitte-i-parken-barføtt-å-spise-is-pop. Tenkar eg.
Forøvreg kan eg og nemne The Velvet Undergroung ("I'm Sticking With You"), Barry Louis Polisar ("All I Want is You") og Kimya Dawson ("Tire Swing").
3 kommentarer:
Yay, takk for en særdeles hyggelig aften ^_^
De var skikkelig gode, men Lundehaugenelever er jo som regel det! (XD)
Istedenfor en sarkastisk kommentar eller noe rivaliserende greier skal jeg heve meg over det og innrømme at jeg har god erfaring med lundehaugenelever så langt.
:O
Kommer jeg til å kjenne deg igjen etterpå?
Du må komme på besøk snart også! :D
Legg inn en kommentar